Miljøanalyse
For å kunne gje ei god og rasjonell avfallsløysing tilbyr vi ei uforpliktande Mijøanalyse. Ei Miljøanalyse består av fylgjande punkt:
- Kartlegging av alle avfallstraumar i bedrifta.
- Rådgjeving om korleis avfallsmengda kan reduserast.
- Utvikling av rutiner for kildesortering og innsamling av dei respektive avfallsfraksjonane.
- Forslag om tenelege oppsamlingseiningar og hentefrekvensar.
Gjennom å foreta ei Miljøanalyse, vil ein ha eit godt grunnlag for å etablere ei avfallsløysing som stettar dei tre sentrale punkt i myndigheitene sin avfallspolitikk.
- Hindre at avfall oppstår.
- Fremme gjenbruk, materialgjenvinning og/eller energigjenvinning.
- Sikre ein miljømessig forsvarleg handsaming av avfallet.
Kvalitet i arbeid
TM sine tilsette har fokus på at bedrifta vår skal kjenneteiknast med dei 4 K-ane:
- Kompetanse
- Kvalitet
- Kostnadseffektivitet
- Kundeservice
Gjennom planverk og HMS-system legg TM vekt på at bedrifta skal vere ein god arbeidsplass for våre tilsette slik at dei kan oppfylle krava til kompetanse, kvalitet, kostnadseffektivitet og kundeservice. For å sikre opplæring og kontinuitet i arbeidsprosessane, tek TM i mot lærlingar. Det blir ’og lagt vekt på eit nært samarbeid med NAV i regionen. Det er ’og lagt til rette for at dei tilsette skal kunne ta fagbrev innafor faget avfall og gjenvinning.
Ring (+47) 86 4000 eller send oss ein forespørsel.
Tenden Miljø as har som vedtaksfesta formål: ”Miljøstasjon, utleige, bringing og innhenting av conteinerar, sortering og vidrebehandling av avfall og ellers hva som måtte stå i forbindelse med dette.”